Natur og ungdom: Skrivekonkurranse

Svar på éi av dei tre oppgåvene under:

 

1. Noreg etter olja

Noreg har tent enorme summar på oljeutvinning som bidreg til klimakrisa, men har etter Parisavtalen forplikta seg til å kutte utsleppa.

Skriv eit kåseri der du ser føre deg Noreg etter olja. Bruk humor og skråblikk til å få fram meiningane dine. Korleis ser Noreg ut? Kva jobbar vi med?

2. Korleis kan vi redde klimaet og samtidig ta vare på naturen?

Skriv eit meiningsinnlegg der du tek føre deg ei konkret sak der klima- og naturomsyn står i konflikt.

Korleis kan vi finne balansen mellom å redde klimaet og ta vare på naturen?

3. Korleis kan Noreg redda klimaet?

Skriv eit meiningsinnlegg der du løfter den klimasaka du meiner norske politikarar bør ta tak i først.

Kva bør gjerast? Kvifor må det gjerast? Og korleis kan det løysast?

 

Konkurransereglar:
Medlemmar i sentralstyret i Natur og Ungdom, Framtida.no og ForUM sine tilsette, tidlegare tilsette og næraste familie kan ikkje delta i konkurransen.

Innleveringsfrist: 1. juni 2025

Aldersgrense: Under 26 år

Målform: Nynorsk

Innsending: skrivekonkurranse(a)framtida.no eller via Framtida sin debattportal.

Premie: Vinnaren får 2000 kroner og publisering i Framtida.no og på nettsidene til ForUM. Finalistane som får heiderleg omtale av juryen får premiepakke i posten.

Registrer her